Norges Bondelag

Norges Bondelag har over 62.000 medlemmar og er den største næringsorganisasjonen innafor landbruket.

Norges Bondelag er den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med over 62000 medlemmar i ryggen jobbar vi for å sikre dei beste vilkåra for norsk matproduksjon.

Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere kva betydning landbruket har i det norske samfunnet. Norges Bondelag er partipolitisk uavhengig, og med over 62.000 medlemmar, 500 lokallag, 18 fylkeslag, gode politiske kontaktar og høg fagleg kompetanse, er vi ein sterk organisasjon med stor gjennomslagskraft.

Fagorganisasjon for bønder 

Norges Bondelag er den største fagorganisasjonen for bønder i Noreg, og har som mål å «samle alle som er, eller kjenner seg knyttet til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser.» Norges Bondelag forhandlar kvart år med Staten om bondens inntektsmoglegheiter. Norges Bondelag mottar ikkje statsstøtte, og er økonomisk og politisk uavhengig.